Intervju med meg i Dag og Tid

For de som ikke fikk det med seg: Her er Dag og Tids intervju med meg fra papirutgaven 27.3.

Samtale med pseudonym

Doremus Schafer tykkjer folk bør skjøna at det kan vera mange grunnar til at skribentar treng anonymitet.

THERESE SOLLIEN therese@dagogtid.no

.
Bloggaren under pseudonymet Doremus Schafer har etter kvart vorte eit kjent namn i den norske medieålmenta. Han skriv bloggen Langust og Korsnebb, og han kvitrar på Twitter under namnet @Doremus42. Alt dette er heilt uproblematisk. Men no som han har vorte fast skribent hjå Dagbladet, Journalisten og tidsskriftet Manifest, tykkjer generalsekretæren i Presseforbundet, Kjersti Løken Stavrum, at anonymiteten har vorte eit problem. «Å være en anonym samfunnsdebattant som andre må stå til rette for, er i strid med det jeg mener mediene skal arbeide for», skreiv ho førre veke. Sjølv er han usamd.

– Dei som skriv kommentarar i avis må ofte tola å verta utsette for kritikk. Kvifor skal du, særleg i di rolle som medierefsar, få sleppa unna?

– Eg meiner premissen er feil, og at eg på ingen måte «slepp unna». Som spaltist er eg ein offentleg samfunnsdebattant, som kan og skal verta utsett for kritikk for det eg skriv. Dersom denne kritikken er legitim og råkande, kan han påverka truverdet mitt og eventuelt føra til at media vel å ikkje publisera meg – på heilt tilsvarande måte som når ein spaltist som skriv under fullt namn får kritikk. Det min pseudonymitet derimot fører med seg, er at eg ikkje kan verta utsett for reaksjonar på andre arenaer der det ikkje ville vore legitimt eller sakleg med slike konsekvensar for det eg skriv – men der sjansen for usaklege, alvorlege represaliar ville ha vore høgst til stades dersom eg skreiv under fullt namn.

– Du skriv ikkje om særleg sensitive ting, du er ikkje ein varslar eller sit i ei bedrift og avslørar korrupsjon. Kvifor skal du då vera anonym?

– Som eg, redaksjonane mine og Fritt Ord har sagt, kan me ikkje gå konkret inn i årsakene for dette utan å uthola sjølve pseudonymiteten. Men som alle desse har stadfest, er det heilt konkret og handfast grunnlag for å seia at dersom eg skreiv under fullt namn, so ville det utsetja meg for heilt reell og påtrengjande risiko for svært usaklege, urimelege og alvorlege konsekvensar.

Eg tykkjer det er litt skuffande at ein del presumptivt oppegåande personar gjev uttrykk for at dei ikkje skjønar at nokon i Noreg kan laupa ein slik risiko ved å skriva «mainstream»-kritikk. Det burde vore lett å skjøna at sjølv «mainstream»-meiningar kan provosera fram sinne og raseri hjå einskilde personar som ikkje er «mainstream» sjølve – og at folk kan vera i ein situasjon der dei er utsette og sårbare for usaklege represaliar frå einskildmenneske eller små grupper.

– Til dømes?

– Det kan vera folk i familiar ved streng sosial kontroll, som risikerer utstøyting eller verre, eller folk som er avhengige av ein oppdragsgjevar som det er heilt konkrete haldepunkt for at vil reagera usakleg. Eller foreldre med multihandikappa born som er avhengige av kommunale hjelpetilbod og ikkje kan risikera å skapa vrangvilje hjå dei ansvarlege. Eller folk med ei stigmatiserande forhistorie som ikkje har nokon sakleg relevans for skrivinga deira, men som likevel kan verta nytta usakleg mot dei.

– Det finst dei som meiner at dersom anonymitet vert vanlegare i den offentlege debatten, vert debattane dårlegare av di folk ikkje veit kven dei debatterer mot. Uroar du deg for å gjeva tilskot til ei slik utvikling?

– Etter spetakkelet den seinaste veka har eg svært vanskeleg for å tru at andre redaksjonar vil stilla seg i kø for å publisera anonyme spaltistar. I den grad dette er ei farleg utvikling som eg kan gjeva tilskot til, so trur eg mine kritikarar har gjort meir enn nok til å halda den skansen ei stund til.

– Noreg er eit lite land. Når du no tek ei større rolle i ålmenta ved å skriva for Dagbladet, Journalisten og Manifest, ottast du ikkje for at identiteten din skal verta avslørd?

– Det er sjølvsagt ein risiko. Men eg har trass i alt so pass tiltru til norsk presse at eg føreset at jamvel om nokon skulle få fatt i namnet mitt, so ville dei ikkje gjera noko so himmelropande uforsvarleg som å offentleggjera ein person der so mange autoritetar har slege fast at denne personen har ein legitim og naudsynt trong til å verna identiteten sin. Når dei heller ikkje kjenner desse grunnane, og mitt namn er eit totalt ukjent namn som det ikkje har den ringaste genuine ålmenne samfunnsinteresse å avsløra, so forventar eg at eventuelle journalistar som skulle makta å få napp, har tilstrekkeleg presseetisk integritet til at dei reagerer med eit skuffa «søren, dette var jo ikkje noka spanande avsløring me kan nytta til noko», og legg opplysninga nedst i skuffa.

5 kommentarer om “Intervju med meg i Dag og Tid

  1. Eg kan heilt ærleg ikkje sjå problemet med anonymitet. Det er uproblematisk å kritisere meiningane og standpunkta du måtte ha, utan å vite kven du er. Det er uproblematisk å slå fast om du er verdt å lytte til, utan å vite kven du er.

    Eg trur mange yngre personar er vaksne opp med anonyme diskusjonar over nett, gjennom arenaer som usenet og nettfora. Det fungerer utmerka.

    Det har vore mykje snakk om netthetsen, og avisene krev fullt navn i sine kommentarfelt – utan at standarden har heva seg så veldig av den grunn. Så ja til anonymitet, nei til aksept for sjikane e.l. – uavhengig av forum.

    Liker

  2. Tilbaketråkk: Pseudonymitet burde ikke være et hinder for saklig kritikk | Langust og korsnebb

  3. Tilbaketråkk: Medier24.com | «Doremus»: Pseudonymitet bør ikke være til hinder for å fremføre eller ta i mot saklig kritikk

  4. Tilbaketråkk: Anonymitetsdebatt på skråplanet - Minerva

  5. Tilbaketråkk: Anonymitetsdebatt på skråplanet | Langust og korsnebb

Kommentér gjerne, selv om du ikke har noe spesielt dypsindig å komme med. E-post adresse er ikke påkrevet.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..