Protest
.
Tørk blod av sverdet ditt
for siste gong!
Eg svarer døden nei
i all min song.
.
Eg ofrar aldri livet
for ei sak.
Eg høyrer alltid
dyreskriket bak.
.
Å leva livet,
det er større mål
enn offerdøden
på eit martyrbål.
.
Offerdøden
lysar meiningslaust.
Livet er ein sigers gang
frå vår til haust.
.
Eg ropar
til vår svikartid:
Eg tømar ikkje staupet
med di ordgift i.
.
Heller fredlaus ri
frå land og rike,
enn gripe sverdet
for det store folkesviket.
.
Det store folkesviket
gror i alle land.
Eg ropar nei.
Og det er alt eg kan.
.
Tor Jonsson
Tor Jonsson tenkte rett, du vinn ingen fred med våpen!
LikerLiker